Johan Eirik Meland, som har trent, konkurrert og vakse opp saman med Johannes Thingnes Bø, er rørt over kameraten sitt OL-gull.

- Eg kjente pulsen steig meir og meir når den eine konkurrenten etter den andre skaut seg vekk. Fak hadde jo mogelegheita, og lagde spenning heilt inn. Men den ekstreme langrennsfarten til Johannes var virkelig imponerande! seier han til Fjordingen.

Samanlagtvinnarar i norgescupen frå Markane IL, der Johan Eirik Meland (t.v.) vann 17- årsklassen, medan Johannes Thingnes Bø vann 18- årsklassen. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Han legg ikkje skjul på at han vart gripen då OL-gullet var eit faktum:- Då eg såg reaksjonen til Johannes då han skjønte at han vann gull, klarte ikkje eg heller å halde tårene tilbake! For eit øyeblikk!!