Ikkje overraskande vil det norske OL-laget i hopp vere sett saman av Robert Johansson, Johann-Andre Forfang, Andreas Stjernen og Daniel Andre Tande når lagkonkurransen går av stabelen i ettermiddag. Samtlege på det norske laget viste god form og kom blant dei åtte beste i stor bakke på laurdag.

Dermed har ikkje Anders Fannemel fått delta i nokon av dei tre konkurransane i OL i Pyeongchang.