OL-stafetten i skiskyting for herrar vart ultra-spennande til siste slutt. Lars Helge Birkeland gjorde jobben på 1. etappe og veksla med Tarjei Bø. Stryningen måtte bruke alle tre ekstraskota på begge skytingane, men Tarjei heldt Norge inne i kampen om medaljene.

- Dette blir spennande, og det er vanskelege forhold på standplass, sa Tarjei til TVNorge etter sin etappe.

Tarjei veksla med Johannes, som nok ein gong gjekk eit fantomløp. Fullt hus etter berre eitt ekstraskot gjorde at han veksla med Emil Hegle Svendsen likt med svenskane.

- Eg gjekk alt eg hadde og tok ut alle krefter, sa Johannes om sin etappe.

Thrilleren heldt fram, og det var ikkje før på siste skyting at det vart avgjort. Svendsen pådrog seg strafferunde, medan svensken fyllte under vanskelege skyteforhold. Dermed vart det sølv på det norske laget, og Tarjei tok med det sin første OL-madalje i desse leikane. Johannes får med seg eitt gull og to sølv heim.