Ein bilbrann i Olden har spreidd seg til bygningen der bilen stod parkert. No brenn det i taket i ein av leilegheitene i det kombinerte nærings og bustadbygget.

Politibetjent Vegard Dale seier det er gjort greie for alle som var i bygget.

- Ein person vert sjekka av ambulansepersonell etter å ha pusta inn røyk. Elles skal det ikkje vere personskader. Brannbilen i Olden hadde kort veg, ettersom brannen starta i same bygg der brannbilen har garasje. I tillegg er brannvesenet frå Stryn, Hornindal og Utvik på plass for å bidra i sløkkinga, seier Dale til Fjordingen.

Også Stryn Energi var på plass med korgbil.

Brannen vart meldt kl 21.39.

Politibetjent Dale gir slik oppdatert informasjon til Fjordingen ved 23.30-tida:

- Dei som bur i bygget er tekne vare på og sendt andre stader for natta. Sløkkingsarbeidet pågår. Flammane blussar stadig opp men elden har ikkje spreidd seg utover den eine leilegheita i 3. etasje. Sløkkearbeidet vil pågå ei stund framover og det vert truleg brannvakt i natt, seier Dale.

Brannen fører til kraftig røykutvikling rett i utkanten av olden sentrum. Foto: Jogeir Agjled