Sigrid Flo Bødal frå Stårheim vart fredag norsk meister i skiskyting for junior på normaldistanse. Stårheimjenta med stryneblod i årane var suverent best på distansen i klasse K19, og ho var heile 1.18 minutt føre nummer to, Marte Lien Johnsen frå Byåsen. Marthe Kråkstad Johansen frå Bossmo og Yttern vart nummer tre, 1.59 min bak Stårheimekspressen.

- Det stemte ganske bra i dag ja, og spesielt på standplass, seier Flo Bødal til Fjordingen.

Flo Bødal pådrog seg berre eitt bomskot på dei fire skytingane.