Det vart heilsvart for Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø og dei andre norske på søndagens fellesstart i skiskyting i Kontiolahti.

Med fem bom totalt gjekk Johannes inn til ein beskjeden 19. plass, 1.33 minutt bak vinnaren Julian Eberhard. Martin Fourcade, som stod over sprinten på torsdag grunna sjukdom, vart nummer to. Tarjei, med to bomskot, gjekk inn til 20. plass.

Før løpet sa Thingnes Bø til NRK at det framleis var muleg å ta att Martin Fourcade i verdscupen samanlagt, men at han helst ikkje ville tenke så mykje på det. Då løparane hadde gått i mål stilte NRK-ekspert Ola Lunde seg tvilande til om bøaren kan ta att Fourcade i samandraget.

Neste helg stiller skiskyttarane til start i Holmenkollen.