Raw Air har så langt ikkje vore nokon opptur for Anders Fannemel.

I småkrevjande forhold i Holmenkollen landa honndølen på beskjedne 118 meter i søndagens renn, ei lengd som ikkje heldt til plass i finaleomgangen. Men Fannemel ville ikkje skulde på forholda.

– Eg merka ikkje noko særleg til snøen og vinden. Eg slit med teknikken for tida, sa ein tydeleg skuffa Fannemel til NRK etter hoppet sitt.

Lagkamerat Daniel Andre Tande vann rennet framfor austerrikarane Stefan Kraft og Michael Hayboeck. Raw Air held fram på Lillehammer måndag.