Statens vegvesen kontrollerte i alt 25 køyretøy i ein tungtransportkontroll ved Kjøs bru søndag ettermiddag og kveld.

Ifølgje kontrollrapporten vart ein norsk lastebilførar meld for to brot på køyre- og kviletida. Sjåføren hadde berre ein time og 37 minutt døgnkvil i løpet av 24 timar på det eine brotet, og fire timar og 23 minutt døgnkvil på det andre brotet. Kravet seier 11 timar i løpet av ein 24-timarsperiode.

Ein bilførar måtte på verkstad med bilen sin for å reparere oljelekkasje på motoren. Sjåføren må og få vaska motoren før han får fortsette turen.

Ein sjåfør hadde kopi av løyve for å drive godstransport. Han fekk ikkje køyre vidare før originalløyvet var på plass i bilen.

To sjåførar fekk gebyr på 500 kroner for ikkje å ha med vognkort under køyring, og to fekk advarsel for mindre brot på køyre- og kviletida.