Det vil seg ikkje heilt for Anders Fannemel i årets utgåve av Raw Air.

Konkurransen hadde måndag flytta seg til Fannemel si "heimebane" i Lysgårdsbakken på Lillehammer, og honndølen greidde å kvalifisere seg til morgondagens hopprenn sjølv om han landa på ordinære 117,5 meter og ikkje vart betre enn nummer 46.

Trass motgangen siste tida er landslagstrenar Alexander Stöckl optimist på Fannemel sine vegner:

- Anders jobbar godt med seg sjølv. Vi tek oss litt ekstra av han no, og ser mellom anna på tidlegare hopp der han har gjort det bra. Dette var eit steg i rett retning, sa Stöckl til NRK.

Polakken Kamil Stoch vann kvalifiseringa framfor landsmannen Dawid Kubacki, Robert Johansson og Andreas Stjernen.