Medan vegstrekningar rundt om i landet kjempar for å overta skiltet "Norges verste veg" etter Olden-Innvik, har kreative honndøler teke saka i eigne hender. Måndag kveld kom det opp skilt som fortel om "Grodås-Møre verdens lengste berg og dalbane". Kven som har sett opp skiltet, er ukjent for Fjordingen. Men det er neppe mange som protesterer på tittelen.

Fv 60 gjennom indre Hornindal har vore tema blant transportørar, vanlege bilistar, politikarar, næringslivsleiarar og sjølvsagt i media i ei årrekkje. Strekninga stod på 2. plass i på fylkespolitikarane si prioriteringsliste etter Olden-Innvik. Men då Olden-Innvik nærma seg avslutning, vart Hornindal dumpa langt ned på prioriteringslista til fordel for fleire andre vegstrekningar.

Ordførar Stig Olav Lødemel seier til Fjoridngen at han har sans for dei kreative skilta som har kome opp, eitt på Storebrua ved Tomasgard og eitt inst i dalen, tett ved fylkesgrensa.

-Eg vart ikkje veldig overraska over at nokon har funne grunn til åskilte strekninga med berg- og dalbane. Svært mange personar haruttrykt frustrasjon og bekymring for tilstanden på fv 60-strekninga som i desse dagar er totalt øydelagt av telehiv. Transportørarfortel at det ikkje er forsvarleg for verken materiell eller last åkøyre over 40km/t, samstundes som privatpersonar gjev uttrykk forat mange fått skade på bilane sine. Dei fleste som tar kontaktmeiner at sjølv om det vart lagt ny asfalt i haust har vegen aldrivore så dårleg før. Berelag av myr og leire dekka av asfalt erformelen på katastrofalt dårleg veg, seier Lødemel.

Han vonar at ein kjem igang igjen med reguleringsplanen for ny veg i løpet av sommaren.

- Målet må vere at reguleringsplanen er vedteken til 01.01.2020, seier han.

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal har gjort positive vedtak om at dei ønskjer å ta over ansvaret for å få bygd ut vegstrekninga Tomasgard-Røyrhus bru.

Hornindal har teke sin eigen tittel når andre no kjempar om å overta skiltet "Norges verste veg". Foto: Bengt Flaten