Anders Fannemel har framleis ikkje funne heilt tilbake til godkjensla i hoppbakken. Med 124 m i første omgang vart han i kveld nøydd til å sjå andre omgang av verdscuprennet i Granåsen frå tilskodarplass. Der fekk han mellom anna selskap av superveteran Noriaki Kasai, som heller ikkje fekk det til i Granåsen.

Det var stor oppdrift i trønderbakken. Hopparane køyrde frå avsats 2 med låg fart, men Robert Johansson sette likevel ny bakkerekord i første omgang med 145,5 m og 19 og 19,5 i stil. Men det varte ikkje så lenge: Raw Air-leiar Kamil Stoch gjekk ned til avsats 1 før han sette utfor, men strekte seg likevel til 146 m og overtok rekorden. Stefan Kraft låg på tredjeplass etter første omgang, følgt av Andreas Stjernen og Johann Andre Forfang.

Kamil Stoch var suveren også i andre omgang, og vann rennet framfor Stefan Kraft og Robert Johansson.