Helse Førde skal mellom anna kartlegge kor mange ambulansestasjonar det skal vere og korleis legevaktene skal driftast. Rapporten som no blir lagt fram, inneheld ei mengd grunnlagsdata og vurderingar, og dannar grunnlag for neste fase i utviklingsprosjektet.

- Styret skal neste fredag handsame rapporten som blir grunnlaget for det vidare arbeidet med framtidas ambulanseløysingar i helseføretaket, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Helse Førde viser til at rapporten har aktivitetstal for både bil-, båt- og luftambulansar.

Rapporten har og omtale av bemanning og vaktordningar, korleis andre helseføretak løyser tilsvarande utfordringar, korleis akuttmedisinsk samarbeid er med legevaktene ute i kommunane, økonomisk grunnlag for framtidig drift, medarbeidarsynspunkt, brukarundersøking og mykje meir.

Les også: Helse Førde om kutt i ambulanseberedskap

- Samarbeidet med kommunane er ein nøkkelfaktor når denne tenesta skal utformast for framtida. Vi er alle ein del av den offentlege helsetenesta, og for å få eit vellukka resultat må vi ha evne til å sjå og forstå kvarandre sine utfordringar, seier Trine Vingsnes, direktør i kirurgisk klinikk i Helse Førde.

– Verken Helse Førde eller kommunane kan aleine klare å nå alle målsetjingar, men ved å arbeide saman om dette sikrar vi trygge og gode prehospitale tenester, skriv Helse Førde.

Blir rapporten godkjent av styret neste fredag, skal den ut på høyring.

Etter styrebehandlinga 23. mars skal rapporten ut på høyring i seks veker blant kommunar og andre relevante instansar og deretter tilbake til styret i Helse Førde i juni. Då blir vegen vidare å utarbeide meir detaljerte alternative modellar, og vedta ein av dei som skal innførast i løpet av 2019.