Det vart eit surt eittmålstap på Stryn sine 3. divisjonsdamer i handball laurdag ettermiddag. I lokaloppgjeret mot Dale frå Sunnfjord gjekk bortelaget av med sigeren 18-19, etter at det stod 9-13 til pause.

Stryn verka tafatte før kvilen, og var heildge som berre var fire mål bak halvvegs. I andre omgang derimot var det eit heilt anna heimelag som kom på bana, og laget fekk kontakt på 15-16 midt i omgangen. Stryn hadde, i likheit med Dale, fleire mulegheiter til scoringar, men Matea Lonac i målet hadde ein god kamp, og både ho og Dalekeeperen varta opp med fleire gode redningar.

Temperaturen steig mot slutten av oppgjeret, og Stryn følte seg nok snytt både for straffekast og utvisningar på Dalespelarar. At spesielt Martine Lester Turøy framleis har ei heil drakt må vere ei gåte. Stryn vart også snytt for eit siste angrep med 15 sekund att på klokka, men det som såg ut som ein klar brøyt frå Dale ville ikkje domamrane vere med på.

Dermed vart det sesongens andre eittmålstap mot sunnfjordingane. Komande helg avsluttar Stryn med bortekamp mot NHHI.