First Hotel Raftevold er lagt ut for sal med ein prisantydning på 14,5 millionar kroner.

- Familiesituasjonen heime i Tyskland gjer at eg ønskjer å flytte tilbake.Det er synd å forlate både hotellet og Hornindal, men ein kjem til eit vegskille der ein må ta val. Og då fell valet på familien heime, seier dagleg leiar Jens Brokmann til Fjordingen.

Han presiserer at salet ikkje vil skje akutt.

- Eg driv hotellet fram til ein seriøs kjøpar har meldt seg. Ein som vil drive og utvikle hotellet vidare. Det kan skje raskt og det kan ta tid. Fram til salet er eit faktum, driv eg med full energi vidare, seier Brokmann.

Av salsannonsen går det fram at hotellet består av 44 dobbeltrom.

Hotellet i Hornindal er sertifisert som 4-stjerners hotell der mesteparten av bygningen er renovert i løpet av dei siste åra.

- Vi har lagtstor energi i oppussing og utvikling av hotellet. Omsetjinga har auka dei åra vi har drive og økonomien er god, seier Brokmann.

I salsannonsen opplyser hotellet om positiv utvikling med omsetjing på ca 14 millionar kroner og eit overskot på ca 1 million kroner i 2017.

Det er i følgje annonsen seld overnatting for rundt 6 millionar kroner både for resterande del av 2018 og i 2019.