Talet på brukarar av allergimiddel på resept auka med drygt 5prosent, over 52.000 personar, frå 2016 til 2017. Det viser nye tali Reseptregisterets database.

20 prosent av kvinner og 15 prosentav menn i Norge, meir enn 927. 000 personar til saman, henta ut eitallergimiddel på resept i 2017.

– 2017 var eit sterkt pollenår, såder ligg truleg mykje av årsaka, mange var plaga i fjor, seierseniorrådgjevar og farmasøyt Christian Berg ved avdeling forlegemiddelstatistikk i Folkehelseinstituttet til NTB. Auken harderimot gått føre seg over lengre tid. Sidan 2008 er delen avbefolkninga som hentar ut reseptar på allergimedisinar, auka med 19prosent. Allergimiddel omfattar antihistamin i tablettform,antiallergiske nasesprayar og augedropar.

ADHD-hopp

Tala iReseptregisteret seier noko om delen i befolkninga som får utlevertlegemiddel etter resept og endringar i desse delane. Talainkluderer ikkje legemiddel levert ut til folk på sjukeheim, påinstitusjonar og sjukehus. For eksempel er det ein auke i talet påbrukarar av ADHD-middel på 65 prosent frå 2008 til 2017, men trulegkjem av det ein endring i retningslinjene for behandling heller ennat stadig fleire får diagnosen.

– Delen barn og ungdom påADHD-medisinar er relativt konstant, men det blir no behandlafleire vaksne enn før, og det medfører ein auke. Vi ser at ungdomno fortset på medisinane etter at dei er fylt 18 år, og vi serfleire vaksne brukarar, seier Berg.

Mindre sovemedisin

To av trenordmenn fekk reseptbelagt medisin i fjor. Blant dei vanlegastelækjemidla er smertestillande middel, som 24 prosent av befolkningahenta ut i 2017, ein auke på 2 prosent dei siste ti åra. Auken kjemav i hovudsak auka bruk av paracetamolpreparat.

Også bruken avblodtrykksmiddel aukar. Slike brukast også mot andre hjarte- ogkarsjukdomar enn høgt blodtrykk. 17 prosent fekk skrive ut reseptarpå blodtrykksmiddel i fjor, ein auke på 7,2 prosent på ti år. Delensom brukar sovemiddel og roande middel har derimot gått ned, nokoBerg seier er ei god utvikling. Rundt 11 prosent av befolkningafekk sovemiddel og roande middel i fjor, delen brukarar er redusertmed 6,3 prosent.

(©NPK)