- Vikane Røde Kors Hjelpekorps tenker å investere i ein skap-hengar som skal innreiast og installerast med alt av redningsutstyr og førstehjelpsmateriell som trengst ved utrykking til søk og rednings aksjonar Hengaren vil bli innreia med reol system, belysning og aggregat, skriv Vikane Røde Kors Hjelpekorps i eit brev til Stryn kommune.

Hjelpekorpset opplyser om at dei har alt nødvendig utstyr samla på hjul og såleis klar til utrykking, slik kan skaphengaren fungere som base i felten.

- Fleire av medlemmane har bil og løyve til å dra hengaren, så vi baserer oss på på transport med private bilar. Vi har samtidig eit behov for oppgradering av ein del utstyr og førstehjelpsmatriell, som også må på plass ved denne investeringa, skriv Vikane Røde Kors som har omlag 130 medlem.

- Vi er ein frivillig organisasjon der alt arbeid blir gjort på dugnadsbasis. Vikane RK vart etablert i 1984 i bygdene Innvik og Utvik, og utfører sin aktivitet gjennom avdelingar for Hjelpekorps og Omsorg, samt ressursgruppe for besøksteneste. Vikane RK er med i beredskapsplanen i Stryn Kommune og Hjelpekorpset har i dag 16 godkjende aktive medlem og vi veks, går det fram av brevet.

- Vi håpar Stryn Kommune kan støtte oss med denne oppgraderinga av beredskapen, og søkjer med dette om støtte på kr 70.000,- skriv Vikane Røde Kors Hjelpekorps