Onsdag 21. mars er det den internasjonale poesidagen og to dagartil den internasjonale meteorologidagen. Tre litteraturmuseumpresenterer diktarane Børli, Garborg og Aasen, som var frå ulikedelar av landet, og samtalar om kva rolle vêret spelar i diktingadeira. I år er det 100-årsjubileum for Hans Børli, som blir markertmed lokale, regionale og nasjonale hendingar for å feire denfolkekjære lyrikaren. Børli frå Hedmark var tømmerhoggar heile sittyrkesaktive liv og er omtala som «skogens diktar». Han er kjent forsine nære naturskildringar og kunnskap om manuelt arbeid.

– Når eindagleg kjenner vêret på kroppen, er det kanskje ikkje så rart atmange av dikta inneheld noko om vêret. Vêrfenomen og vêrforhold varofte utgangspunktet for eksistensielle tankar og undringar i diktatil Børli, seier Ingun Aastebøl i Anno museum.

Arne Garborg haddesterke kjensler for naturen og skreiv det meste av diktsyklusen«Haugtussa» på heimstaden Jæren. I breva han skreiv heim til Huldakan ein sjå kor sterkt han opplevde den jærske naturen.

– Eg vilvise døme på korleis det skiftande jærvêret spelar førstefiolin iHaugtussa, og korleis hovudpersonen Veslemøy sin tilstand speglarseg i årstidene, seier Inger Undheim ved Garborgsenteret.

IvarAasen nådde ut til svært mange med dikta sine, særleg gjennomdiktsamlinga «Symra» som kom i tre utgåver. Dikta til Aasen handlaom menneske i landskap og om deira rolle i historia og naturen.

–Vi veit at Aasen var interessert i vêret. Det ser vi av dagbøkenehans, der han med jamne mellomrom seier noko om både kulde, stormog om vêret var vakkert. Så er spørsmålet korleis dette kjem fram idikta hans, seier Anders Aanes i Aasen-tunet.

Ingun Aastebøl erkonservator og seksjonsleiar for Konsvinger museum. Ho arbeiderblant anna med prosjektet «Hans Børli – frå måsan til Melkeveien».Inger Undheim er avdelingsdirektør i Garborgheimen og har langrøynsle som formidlar av Garborg. Anders Aanes erdokumentasjonsleiar ved Ivar Aasen-tunet. Samtalen blir leia avGeir Hjorthol, professor i nordisk litteratur ved Høgskulen iVolda.