Kring 20 pasientar er smitta av norovirus og ein kombinasjon av norovirus og influensa ved Førde sentralsjukehus (FSS). Det blir no sett i verk tiltak for hindre ytterlegare spreiing, opplyser Helse Førde i ei pressemelding.

Norovirusinfeksjon er ein mage/tarminfeksjon som er svært smittsam. Vanlege symptom er kvalme, oppkast, magesmerter og vandig diaré. (Kjelde: NHI)

Ingen av pasientane er alvorleg sjuke, opplyser sjukehusleiinga. Situasjonen er under kontroll, men det blir no sett i verk tiltak for å hindre ytterlegare spreiing. I tillegg til pasientane er også 6-7 tilsette smitta og sjukmelde. Smitteutbrotet gjer at det er sett gul beredskap i Helse Førde.

- Vi følgjer situasjonen tett, seier fagdirektør Kristine Brix Longfellow.

Fem avdelingar

I alt fem avdelingar, ortopeden, føde/barsel, intensiv, medisin og kirurgisk, er råka. Pasientane har magesjuke og oppkast (norovirus) og influensa. Det er også pasientar som både er smitta av noro- og influensavirus. Det er ikkje registrert smitta pasientar ved sjukehusa i Lærdal og Nordfjord.

Eksterne tiltak

Torsdag etttermiddag vart det sett i verk fleire tiltak for å avgrense utbrotet av oppkast/diaré og influsensa. Det går i ettermiddag ut melding til alle fastlegar om at innleggingar som ikkje må skje komande dagar, bør avgrensast. Det vert innført konferanseplikt før innlegging for alle avdelingar ved FSS, dvs. at sentralbordet set over telefonar om innlegging til vakthavande legar. Tilsette som er sjukmelde på grunn av oppkast/diaré har ei karantenetid på 48 timar.

Avgrense besøk

Helse Førde oppmodar til å avgrense besøk der det er mogeleg på FSS inntil vidare. Men pårørande som treng å komme til sine, skal få komme på besøk. Ved tvil kan ein kontakte sjukehusavdelinga. Det vert oppsett plakatar ved hovudinngangen og andre stader ved FSS om utbrot av oppkast/diaré og med oppmoding om å avgrense unødig besøk.

Interne tiltak

Også internt på sjukehuset blir det sett i verk tiltak for å hindre spreiing. Mellom anna er avdelingane bedt om å gjere ein gjennomgang om det er nødvendig å stoppe planlagt aktivitet dei næraste dagane, men det er så langt ikkje innført noko stopp for planlagt verksemd. Avdelingane skal i tillegg vurdere nøye om det er nødvendig å overføre pasientar til andre avdelingar. Dette for å hindre at smitten spreier seg ytterlegare. Kapasiteten på reinhaldsavdelinga er også auka for å syte for nedvask av rom.

Tiltaka gjeld i første omgang fram til måndag 26. mars.