Stryn tapte 2-1 mot Volda i første kvalikrunde i cupen på Volda stadion laurdag. Dermed er cupeventyret allereie over for Geir Inge Rake sitt lag.

Begge lag hadde sine sjansar før pause, men det var ikkje før i det 72. minutt at det vart scoring. Heimelaget gjekk opp til 1-0 på eit flott frispark, men like etter var innbyttar Marius Rauset på rett plass til rett tid og utlikna til 1-1.

Etter 77 minutt kom avgjerda, og nok ein gong var det på frispark at Volda scora. Stryn skulle i følgje rapportane hatt eit frispark i situasjonen før scoringa.

Nærare fem minutt på overtid hadde Stryn ein kjempesjanse, men heimelaget reid stormen av og kan gle seg over å vere vidare til neste runde.

- Både vi og Volda slår langt, og vi tapar for mange duellar og lagar frispark like utanfor 16-meteren. Det blir vi brutalt straffa for, seier trenar Geir Inge Rake.

Meir om cupkampen i papiravisa.