Stryn sitt herrelag i 2. divisjon handball møtte langvegsfarande Ski til kamp i Strynehallen laurdag ettermiddag. Ski, som kom via Åndalsnes då dei trudde dette var kortaste veg til Stryn, viste seg til slutt å vere det sterkaste laget i ein kamp der Stryn sin viktige Lovro Kresic måtte ut med det som forhåpentlegvis "berre" er eit solid overtrakk.

- Lovro blir sendt til røntgenundersøking, sa Arild Bolset i støtteapparatet etter kampen.

Stryn hang godt med frå start og var både tre og fire mål i front, men inn mot pause var leiinga skrumpa inn til eitt mål, 11-10.

I andre omgang skrudde bortelaget opp tempoet, og fekk etter kvart opparbeida seg ei tremålsleiing. Spesielt var Ski raske med å ta avkast etter ei strynescoring og utnytte dette til sin fordel.

Ti minutt ut i omgangen gjekk Lovro Kresic i bakken, og kroaten vart liggande med store smerter. Det verka som Stryn var prega litt av dette etter at kampen kom i gang igjen, men dei raudkledde gav seg ikkje og hadde sjansar nok til å kome inn i kampen igjen. Ski heldt imidlertid unna, og vann til slutt 26-31.

Anders Eikenæs vart fortent kåra til Stryn sin beste spelar. I morgon avsluttar laget sesongen med heimekamp mot Kolbotn.

- Vi er ikkje så langt unna seier i dag, seier trenar Oli Sveinsson, som meiner Stryn sine mange bom på opplagte sjansar må ta noko av skulda for tapet.

Stryn sitt damelag avslutta sin sesong med å slå NHHI 26-21 laurdag. Laget passerte Fyllingen 2 på tabellen og vart til slutt nummer fire.

Meir om handballlkampane i papiravisa.

Anders Eikenæs hadde ein god kamp og vart fortent kåra til Stryn sin beste spelar. Foto: Thomas Thaule