Markaneløparane Johan Eirik Meland og Johannes Thingnes Bø har fått klarsignal til å gå NM-stafetten i skiskyting på Lillehammer seinare i dag. Håvard Bogetveit og Ole Martin Erdal, begge frå Førde, utgjer dei andre på laget til Sogn og Fjordane. Karane må finne seg i å vere blant dei største favorittane på stafetten.

Laget vart ikkje klart før onsdag kveld då det var usikkerheit rundt Tarjei Bø.

- Tarjei er dessverre blitt sjuk, seier Anders Vonheim i Nordfjord Team.

Sogn og Fjordane stiller også med eit andrelag sett saman av Jarle Midthjell Gjørven, Isak Hopland, Erlend Bakken og Håkon Midthjell Gjørven.

Sogn og Fjordane vann fjorårets stafett i Mo i Rana med minst muleg margin. Johannes Thingnes Bø slo Emil Hegle Svendsen med eitt tidel i ein forrykande spurt på oppløpet. Jarle Midthjell Gjørven gjekk også på laget i fjor.