Johannes Thingnes Bø var totalt overlegen og vart norsk meister for andre gong på like mange dagar då han gjekk til topps på jaktstarten på Lillehammer laurdag.

Stryningen gjekk ut først etter gårsdagens siger på sprinten. Med god fart i sportet opparbeidde Thingnes Bø seg eit forsprang som ingen makta å ta att. Med berre ein bom på 20 skot gjekk Markaneløparen i mål heile 1.17,1 føre Lars Helge Birkeland (Birkenes IL). Vegard Gjermundshaug (Alvdal IL) gjekk inn til bronse, 1.44,8 bak Thingnes Bø. Dermed vart pallen på dagens løp heilt lik pallen på sprinten fredag.

Søndag har Thingnes Bø sjansen til å vinne nok eit NM-gull, då er det fellesstart som gjeld.

Seinare i dag går juniorane Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane IL, klasse M18) og Martin Aaland (Hardbagg IL, klasse M17) sine siste renn for sesongen når fellesstart står på programmet.

- I dag skal eg berre kose meg og gjere ting enkelt, seier Simon Hjelmeset Kirkeeide til Fjordingen før løpet.