Søndag gjekk sesongens siste seriekampar i handball av stabelen i Strynehallen. Då Fjordingen var innom hallen var fleire av Stryn sine jentelag i aksjon.

Stryn sine 13-årsjenter spelte lokaloppgjer mot Eid, og etter 2x20 minutt stod det komfortable 20-11 i favør heimelaget på resultattavla. Solid forsvarsspel og gode angrep var resepten til Ivana Kresic sine jenter.

I 12-årsklassen stiller Stryn heile tre jentelag. Stryn 3 spelte mot Sandane, og heller ikkje her viste Stryn nokon nåde ovanfor motstandaren. Ved full tid stod det 19-9 til heimelaget. Vi merkar oss målvakt Dorthea Tidemann Nesdal som varta opp med fleire flotte redningar. Stryn viste også at dei beherskar kontringshandball, og fleire av måla kom på flotte rush.

Både 15-årsjentene og 16-årsjentene hadde besøk frå Sogn. 15-årslaget, som er sett saman av 14-åringar, slo IL Bjørn 20-18 i ein spennande kamp. Eit par scoringar på slutten avgjorde kampen i Stryn sin favør. 16-årslaget møtte Syril, også her vart det tomålssiger til heimelaget, 23-21.

Laurdag slo gutar 12-laget til Stryn Florø med 16-14. Laget har dermed gått gjennom serien utan poengtap (14 sigrar).

No ventar den avsluttande Nordfjord cupen for alle Stryn sine aldersbestemte lag.