Stella i Norske Talenter

Imponerte - men ikkje til finalen

Eventyret over: Det vart dessverre ingen finaleplass for Stella, men ho hausta mange lovord frå dommarane. 

New Articles

Stella Poland får dessverre ingen plass mellom dei tolv i finalen i Norske Talenter.

Poland synte seg frå ei litt ny side i fredagens semifinale. Med berbar el-harpe, og ein melodi som var meir over i pop-ballade genren, gjorde ho ein flott opptreden som imponerte heile dommarpanelet. Alle vektla den utviklinga Poland har hatt sidan ho dukka opp på første audition og fram til semifinalen.

- I dag viste du kva di framtid er. Å følge deg gjennom rundane har vore ei stor glede. Frå ei som så vidt turte stå på scena til det du viste no, det er ei så stor glede at det må ha gått rett heim, uttalte ei begeistra Mia Gundersen etter framføringa.

- Heilt einig! Det har vore ei fantastisk utvikling. I dag viste du ei heilt anna side med el-harpe, supplerte meddommar Mona Berntsen.

Også Bjarne Brøndbo var full av lovord.

- Harpe diem. Eg høyrde du var litt uheldig her og der i dag. Men det tek ikkje vekk den stemninga du skapar. Frå audition til i dag er det ei kjempeflott heving av kvalitet og du må vere stolt av det du gjorde i dag, sa Brøndbo.

"Mesterhjerne" med lokal tilknyting til finale

Også ein annan aktør med tilknyting til området var i sving fredag kveld. Oddbjørn By (36), med ei solid slektsgrein til Olden, imponerte nok ein gong med sine ekstreme hukommelse-ferdigheiter og tok seg til finalen.

By har mor frå Agjeld, der det i dag er storebror Jogeir som har overteke garden. Sistnemnde ein som mange kjenner frå sitt breie engasjement innan både kultur- og bygdelagsarbeid.

By hausta mange lovord for sin opptreden.

- Fy fader så bra! var Gundersen umiddelbare reaksjon etter at By hadde klart å plassere ein bunke av programleiar Kloppen sine feriefoto i riktig rekkefølge.

- Dette var bra. Det er så imponerande. Underhaldande og spennande. Du lagar fantastisk fine minutt på TV, sa Brøndbo.

Finalen går fredag 18. mai.