Fleire hundre fekk fag-, sveine-, kompetanse- eller meisterbrev:

Sjå bilda frå utdelinga av fag- og sveinebrev

New Articles

Fleire hundre fagarbeidarar fekk fag-, sveine-, kompetanse- eller meisterbrevet sitt under den høgtidsame utdelinga i Førdehuset 6. april, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Dagen i dag er ein milepåle, og de har all grunn til å vere stolte av dykk sjølve for å ha gått gjennom eit viktig, krevjande og vonleg gjevande opplæringsprogram, sa fylkesordførar Jenny Følling i si tale til dei nye fagarbeidarane.

Fylkesordføraren delte ut fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbreva saman med leiaren for fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane, Tom Knudsen (NHO).

Yrkesfaga sitt år
Fylkesordføraren viste til at 2018 er yrkesfaga sitt år, og la vekt på at fagarbeidarar er ettertrakta på arbeidsmarknaden og fortener respekt.

– Vi treng kloke hovud og flinke hender i åra som kjem. Det er mange som ynskjer å syne fram meir av det som er bra med yrkesfaga, og rive fordommane ned. Når fleire ser at yrkesfag og fagskular er gode vegar til spennande jobbar, vil det bli enklare å velje ein yrkesfagleg retning for dei unge som skal velje i åra som kjem, sa Følling.

Mange fag
Av dei 812 fagarbeidarane som var inviterte til fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbrevutdelinga i Førdehuset, var 527 lærlingar, 267 praksiskandidatar, 6 elevar i skule og 12 lærekandidatar.
284 kvinner og 528 menn har teke fag- eller sveineprøve siste året.
Til saman representerer dei 68 ulike fag. Det er fleire fag der berre éin kandidat har teke fagprøve. Det gjeld mellom anna blomsterdekoratørfaget, mediegrafikarfaget, sjømatfaget, modellbyggarfaget og serigrafifaget.
I dei store faga, barne- og ungdomsarbeidar-, tømrar-, helsearbeidar- og elektrikarfaget, har mellom 40 og 60 kandidatar teke fagbrevet i kvart fag. Til utdelinga var òg dei tre kandidatane som har teke meisterbrev siste året inviterte. Dei representerer tre ulike fagområde.