Tysdag vart det for aller første gang arrangert fylkesmeisterskap i yrkesfag for innan helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Arangementet fann stad ved Stryn vidaregåande skule, og arrangørar var Fellesforbundet, Delta, Nordfjord Opplæringskontor og Stryn vgs. Deltakarane i barne- og ungdomsarbeidarfaget skulle ha aktivitetar med fem born. Deltakarane i helsefag skulle på heimebesøk til ein fiktiv pasient med pårørande.

Flinke lærlingar i helsefag fekk vel fortente blomster og diplom etter tevlingane. Foto: Gunnhild Sindre

Det vart ein spennande dag, der ordførar Sven Flo følgde ivrig med frå bakerste benk.

- Eg har fått sjå både barne- og ungdomsarbeidlærlingane og helsefaglærlingane i aksjon, og eg er fantastisk imponert, sa Flo, som var full av lovord over modige og flinke ungdommar som praktiserte faget sitt for open scene framfor publikum og dommarar.

Ein imponert og begeistra ordførar Sven Flo fekk oververe fylkesmeisterskapen. Han var full av lovord over dei modige og flinke lærlingane. Foto: Gunnhild Sindre

- Det er tidsriktige og samfunnsviktige utdanningar de har valt, de kjem til å bli så viktige for samfunnet i framtida! sa ordføraren til lærlingane etter

Tevligane gjekk for open scene. Her kan publikum og dommarar følgje med på det fiktive heimebesøket til Linnea Eimhjellen, der ho besøkjer ein "pasient" som har hatt lårhalsbrot. Også skodespelarane som stilte opp som pasientar og pårørande fekk myje skryt. Foto: Gunnhild Sindre

at alle var ferdige med sine oppgåver.

- Alle kan ikkje vere nummer ein. Men alle har gjort ein flott innsats og kjem til å bli superflinke helsefagarbeidarar! sa Astri Kyrkjeeide frå yrkesorganisasjonen for helsefagarbeidarar i Delta, før ho kunngjorde kven som var dei beste lærlingane i fylket innan helsefaget.

Ho understreka at det var svært jamt, og at juryen hadde ein vanskeleg jobb.

Vinnar i klassen for helsefagarbeidarar vart Norunn Eimhjellen, Gloppen fylkesmeister, med Erikke Lunde, Stryn og Linnea Eimhjellen, Gloppen på 2. og 3. plass.

Fylkesmeistrar i barne- og ungdomsarbeidarfaget: Karoline Bø og Malene Svendsen. T.h. Eli Østerbø. Foto: Gunnhild Sindre

I klassen for barne- og ungdomsarbeidarar var det berre ei gruppe, Karoline Bø og Malene Svendsen, som fekk skryt for si prøve og vart fylkesmeistrar i dette faget.

Flinke systre: Norunn t.v. og Linnea Eimhjellen frå Gloppen tok 1. og 3. plass i fylkesmeisterskapen for helsefaglærlingar. Foto: Gunnhild Sindre

Erikke Lunde (20) og Max Gausen Almering (20) var dei einaste lokale deltakarane. Erikke er førsteårslærling i Stryn kommune, og er til dagleg lærling ved Stryn omsorgssenter. Max er andreårslærling i Stryn kommune og har hatt læretid ved Stryn omsorgssenter, Stryn aktivitetssenter, heimetenesta for funksjonshemma og heimesjukepleien. No er han lærling ved Nordfjord Sjukehus.

Nervepirrande, men kjekt, seier Erikke Lunde og Max Gausen Almering etter å ha delteke i den aller første fylkesmeisterskapen for helsefaglærlingar. Foto: Gunnhild Sindre

- Nervepirrande, men kjekt! seier dei to lærlingane om deltakinga i fylkesmeisterskapen.

- Kjekt å få prøve seg i faget sitt. Og veldig flott at Nordfjord Opplæringskontor lagar til slike konkurransar. Dei gjev oss veldig god oppfølging også, seier dei to lærlingane.