Stryn fotball sitt jenter 15/16-lag er klare for 1. runde i NM (Telenor cup). Det er klart etter 4-3 over Vik på bortebane onsdag.

Vik frå Sogn tok føringa i kampen, men Marie Johannsdottir sørga for balanse i rekneskapet med si utlikning. Vikjene fekk eit nytt mål før kvilen og kunne gå til pause med 2-1 leiing.

Det såg endå lysare ut for Vik då laget gjekk opp til 3-1 etter pause. Stryn hadde derimot ikkje tenkt å gje seg så lett, og scoringar av Joanna Kveen Øvre-Flo, Emilie Flo Stavik og Adele Rustøen sikra Stryn avansement etter ein særs spennande kamp. Naturleg nok var det stor stemning i stryneleiren då dei sette kursen heim igjen etter kampen.

Kven Stryn møter i 1. runde er enno ikkje klart.