Fredag kjem årets første cruiseskip til Olden.

Det er Aida Vita på 203 meter som får æra av å legge til kai først i Olden denne sesongen. Det betyr også starten på ein hektisk turistsesong i distriktet.

I fjor kom det 140.000 cruisegjester til Olden, noko som var rekord. Rekorden blir truleg ikkje ståande lenge, då det er venta 165.000  cruisegjester dette året. Ifølgje cruiselista er det nær 100 anløp i Loen og Olden denne sesongen.