Fylkesmannen har behandla to tilsynssaker som gjeld helsehjelpa ytt til eit barn på eitt år. Hendingane skjedde i Nordfjord. Fylkesmannen konkluderte med at den første legen ikkje gav fagleg forsvarleg hjelp, medan saka mot den andre legen er send til Statens helsetilsyn.

Pasienten var eit barn på eitt år som fekk krampe, oppkast og feber i etterkant av ei vaksine. Foreldra oppsøkte legevakta ved to tilfelle for å få hjelp. Den første legen fekk sjukehistoria referert, men såg ikkje til pasienten. Pasienten vart send heim, går det fram av ei pressemelding frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Den andre legen undersøkte barnet tre dagar etter første legebesøk. Barnet var framleis medteke. Legen valde å ikkje legge pasienten inn på sjukehus.

- Fylkesmannen ser alvorleg på saka, heiter det i pressemeldinga.

- Når barnet er eitt år og foreldra meiner det har alvorlege symptom, skal barnet undersøkast. Når foreldre gjentekne gonger tek barn til legevakta for akutt sjukdom, må legen vurdere ekstra grundig. Vi meiner at barnet burde vore innlagd på sjukehus straks.

Mot legen som var involvert i den første hendinga har Fylkesmannen konkludert med at legen ikkje gav fagleg forsvarleg helsehjelp. Legen får kritikk for å ikkje ha sett til pasienten og for å ha sendt barnet heim.

Saka mot den andre legen vil bli behandla av Statens helsetilsyn.