Det 203 meter lange cruiseskipet AIDAVita vart det første cruiseskipet denne sesongen som la til kai i Olden. Om lag 1.200 passasjerar var ombord, dei aller fleste frå Tyskland.

Sjølv om passasjerane vart møtt med lett regn og lågt skydekke la det ikkje nokon dempar på aktiviteten, og cruisegjestene strøymde til både bussar og tog på kaiområdet. Nokre tok føtene fatt og rusla innover mot sentrum, medan andre leigde seg syklar.

-Ja, då var vi i gang igjen, smilte Endre Muri, travelt oppteken med å ta i mot årets første turistar som ville på sightseeing med eit av toga.

- Vi tek turistane med opp til Floen, om lag ei mil opp i bygda. Vi har lagt inn eit par fotostopp langs ruta før vi reiser nedatt til sentrum, fortel Muri.

Også Joar Strand i Olden Cruise hadde mykje å gjere:

- Vi køyrer nokre av bussane opp til Flåten. Vi har også shuttlebussar til Briksdalen og til skyliften i Loen. I dag har vi sju-åtte bussar i drift.

Les også: Ventar 165.000 cruisegjester.

Meir om årets første cruisedag i Olden i papiravisa.