Etter ein litt famlande start utklassa Stryn til slutt Dale i første serierunde i Kretsligaen laurdag. Kampen på Dingemoen enda til slutt med ein solid 5-1 siger til Geir Inge Rake sitt lag. Pauseresultatet var 2-0 til Stryn.

Mathias Garlid sette inn begge Stryn sine mål før kvilen. Stian Olsbø auka til 3-0 åtte minutt ut i andre omgang før Dale reduserte etter ein times spel. Eit straffespark frå Marius Rauset og ei scoring frå Julian Hove gav 5-1 til Stryn, og såleis ein flying start på sesongen.

- Meget god laginnsats der gutta jobbar for kvarandre heile vegen, seier ein fornøgd Geir Inge Rake.

Davy Wathne var forøvrig speaker under kampen.

Stryn møter Fjøra på Stryn stadion neste helg.

Øvrige resultat:

Bremanger-Årdal 2-0

Fjøra-Tornado Måløy 3-1

Vik-Studentspretten 1-1

Skavøypoll-Kaupanger 1-3