Det vert nostalgi med sterkt preg av indre Nordfjord hos Anne Lindmo på NRK i kveld. Då skal det mimrast om den kvelden Norge var store i fotball og slo Brasil i VM, med tre frå Stryn og ein frå Hornindal på laget: Tore-André Flo, Jostein Flo, Håvard Flo og Frode Grodås.

Ein engasjert Frode Grodås fortel om den magiske kvelden i Marseilles for snart 20 år sidan. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Dette var kampen då Tore-André scora utliningsmålet og seinare vart halden i trøya og fekk straffe,  kampen då Kjetil Rekdal med gullsko og iskaldt blikk sette straffen og sikra Norge leiinga, kampen då Frode Grodås redda i sluttsekundet og sigeren over Brasil vart skriven inn i historiebøkene for alltid. Kvelden då heile Norge song: "Flo! Flo! Flo! Olé, olé, olé..."

Ei begeistra Anne Lindmo tek imot Frode t.v., Jostein og Drillo. Lindmo fortel at ho sjølv hugsar nøyaktig kva ho gjorde den kveldnen Norge slo Brasil. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

To desse sentrale aktørane er gjester i studio hos Lindmo i kveld: Jostein Flo og Frode Grodås. Saman med dei kjem Egil "Drillo" Olsen, den legendariske landslagstrenaren som skapte dette laget. Statsminister Erna Solberg dukkar også opp.

Møtest i studio for å minnest "Mirakeleti Marseilles": Frode Grodås, t.v., Egil "Drillo" Olsen og Jostein Flo. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

- Utruleg morosam samtale og mimrestund med Jostein, Frode og Drillo! seier Vivi Stenberg, prosjektleiar for Lindmo, til Fjordingen. Det blir også fokus på "omkampen" Norge-Brasil, der dei to laga skal møtast igjen på Ullevaal, 20 år etter VM-kampen. Her har ikkje

Drillo fullt så god tru....

!