Helse- og sosialadministrasjonen i Stryn kommune har fått rapport frå ein skjenkekontroll utført av Securitas AS i Restaurant Hoven AS. Rapporten viser brot på reglane om reklame for alkohol ved restauranten oppe på fjellet som kan risikere å få eit prikk for brot på alkohollova § 9-2 som omfattar reklameforbod.

I saksframlegget går det fram at ved bardisken skal det ha stått oppstilt 2 flasker med øl av typen Kinn Hoven, samt ein plakat om denne bak ølet. I ein uttale frå Restaurant Hoven, argumenterar leiar Jarle Grov at flaskene var plassert innanfor sjølve baren sitt område og at ølet er ein del av sortimentet.

- Dette er ein bardisk der personalet serverer både mat og drikke. Utstyr og drikkevarer står tilgjengelig for servering i, bak og ved disken innenfor baren sitt område. For å ikkje fremheve nokon produkt framfor andre vart plakaten tatt vekk umiddelbart, skriv Grov.

I vurderinga frå rådmannen, som Helse- og sosialutvalet skal handsame tysdag, slås det fast at det er funne eit faktisk brot på reklameforbodet i alkohollova. Det visest særlig til punkt som omhandlar spesifikt reklame på sals- og skjenkestadar.

- Det kan gis opplysningar om pris, råvarer, tilvirkning, duft, smak, farge, serveringsmåte, oppbevaring og bruksområder samt vises bilder av produktene på nøytral bakgrunn. Produktspesifikt informasjonsmateriell i form av produktkataloger, -brosjyrer eller lignende, er ikkje tillatt. Opplysningane om den alkoholholdige drikken må ikkje framheve drikken i forhold til andre produkt som omsettast på staden. På salsstader må opplysningane plasserast i nær fysisk tilknytning til produkta, går det fram av rådmannen si vurdering.

Vidare heiter det at skjenkesteder kan i menyen informere om kva alkoholholdige drikkar som passar til dei ulike matrettane som serverast på staden, dersom det og oppgis alkoholfrie alternativ.

- Utifrå denne informasjonen kan ein skjenkestad presentere alkoholprodukta nøkternt med faktaopplysningar. Det er ikkje lov å reklamere for eit produkt med hjelp av bilde, logo eller på nokon måte som framhevar produktet framfor andre produkt. Dette meiner administrasjonen er blitt gjort her, skriv rådmannen og viser til at rapporten frå Securitas at det var berre eitt ølmerke som stod utstillt og såleis vart framheva i forhold til andre produkt skriv rådmannen og har følgande framlegg til vedtak;

- Restaurant Hoven vert tildelt 1 prikk for brot på reklameforbodet. Prikken står til 24.04.2020 Vedtaket er eit enkeltvedtak og kan iflg. §1-16 i alkohollova påklagast til Fylkesmannen. Eventuell klage vert å sende til Helse- og sosialkontoret 3 veker etter at melding om vedtak er motteke.

Helse- og sosialutvalet handsamar saka tysdag

Om ein løyvehavar over ein 2 års periode vert tildelt 12 prikkar, skal løyvet inndragast for ei veke.