Arrangøren av Oktoberfest Stryn, Stryn Ping Pong Club, la ut dei første 2.000 billettane til oktoberfesten om fem månader måndag.

Kardinal i Ping Pong Cluben, Kim Rune Flo, seier at dei allereie har selt mange billettar:

-Første døgnet vart det selt 500 billettar, noko som er ein kraftig auke samanlikna med i fjor då vi starta billettsalget, så eg kan garantere at det også i år vil bli fullt på festivalområdet rundt Per Bolstad Plass.

- Eg vil elles oppfordre stryningane om å sikre seg billett tidleg, det var nemleg stryningane som somla med å skaffe seg adgangsteikn i fjor, seier Flo.

-Vi ønskjer stryningar i alle aldrar på festen, så her er det berre å kjøpe seg billett, jo før jo heller, oppfordrar Flo.

Kim Rune Flo og Ping Pong Cluben har allereie selt mange billettar til oktoberfesten. Foto: Anne-Mari Aalberg