- No er det ille, seier ein tipsar til Fjordingen. Eitt av skilta som vart sett opp for å varsle teleskade på fv 60 mellom Tomasgard i Hornindal og fylkesgrensa mot Møre, vart dei siste vekene ståande på ein liten snøklatt i veggrøfta. Og då snøen smelta, velta skiltet ned i grøfta.

- Det symboliserer forsåvidt situasjonen godt. Her har både bilar, vogntog og no også skilt velta utfor den dårlege vegen, seier tipsaren.

Slik såg det ut kort tid før skiltet velta. Foto: privat