Ekornes Grodås er konsernet sitt "snekkeri". Ved hjelp av høg teknologi produserer dei mellom anna 120.000 vangar til sofaer og stolar i året.

Tidlegare i dag fekk fylkesordførar Åshild Kjelsnes æren av å trykke på knappen som sette dei fire spesialrobotane for produksjon av vangar i gong. Fylkesutvalet var samla i samband med vegsynfaring og etterfølgjande lunsj før dei reiste til møte på Gloppen hotel.

- Fabrikksjef Knut Ove Rygg og prosjektleiar Karl Marius Bjørlo opplyste at det ikkje fanst maken i heile verda til den spesialdesigna produksjonscella dei hadde fått.

- Dette har vore ein breitt anlagt prosess i heile konsernet over 5-6 år der vi har vore 8-10 turar til produksjonsfirmaet for utstyret i Tyskland. Vi kom inn på rett tidspunkt då det var ein nedgong i bilindustrien, smiler Bjørlo som har stor tru på ein god synergieffekt i heile konsernet som fylgje av nyvinninga. Prisen på nyvinninga vil han halde internt.