Nominasjonsnemnda i Stryn Høgre har fått tilbakemelding frå SvenFlo om at han stiller seg til disposisjon som ordførarkandidat for fire nye år.

- Vi er svært glade over å ha fått denne tilbakemeldingafrå Sven og ser fram til å få fleire gode kandidatar med på lagetfram mot nominasjonsmøtet, som vert 11. september, seier leiar i valnemnda, Sissel Loen.

Hornindalsordførar Anne-Britt Øen Nygård har enno ikkje gjeve beskjed på om ho stiller til attval som ordførarkandidat.

- Eg kan dessverre ikkje gje deg noko svar på dette idag, seier Øen Nygård, som seier ho skal diskutere spørsmålet med nominasjonsnemnda.