Dei aller fleste av oss meiner at reiseforsikring er nødvendig. Men kva forsikringa dekkjer og kva ho kostar, det er vi ikkje så nøye med å sjekke. No finst det ein nettstad som kan hjelpe deg å setje ulike forsikringar opp mot kvarandre, fortel regiondirektør i Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane, Pia Kleppe Marken.

Sommarferien er over, men også hausten er reisetid. No er det mange som kjøper seg rimelegare turar til varmare strøk, eller planlegg haust- og vinterferie. Og medan vi sjekkar både vel og lenge før vi bestiller ferien, er vi mykje slappare når vi skaffar oss reiseforsikring.

Berre tre av 10 undersøkte marknaden før dei kjøpte reiseforsikring, viser ei undersøking frå Forbrukarrådet.

- Nordmenn er overtydde om at reiseforsikring er nødvendig. Ni av 10 svarar nemleg at dei har kjøpt slik forsikring. Men resten er vi ikkje så grundige med.

- Vilkår og prisar varierer voldsomt, såForbrukarrådet oppfordrar deg til å sjekke kva slags dekning dueigentleg har. Betal for det du treng, verken meir eller mindre, oppfordrar Pia Kleppe Marken.

Mange kvir seg for å samanlikne forsikringsvilkår, og trur det er ei uoverkomeleg oppgåve.

- Finansportalen gjer jobben for deg. Du tastar berre inn opplysningane dine, og får ei oversikti voer priar og vilkår, opplysar regiondirektøren i Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Før du går til innkjøp av reiseforsikring bør du vite kva rettar du alt har. Foreksempel sikrar EØS-avtalen deg same helsehjelp som vertslandetgjev til eigne borgarar. Du kan bestille bevis på helfo.no. Du fårimidlertid for eksempel ikkje heimtransport med denne ordninga, og du kan også risikere ein høg eigendel.

Regiondiretøren i Forbrukarrådet fortel at du også er sikra dersom bagasjen din blir borte eller er forsinka på flyreisa.

- Du får dekt utgifter du får på grunn bagasjeforseinking på grunn av luftfartslova. Går det 21 dagar utan at bagasjen har dukka opp, blir han erstatta med 10.000 kroner. Du kan finne ut kva du har rett til på Forbrukarrådet sin kalkulataor for flyrettigheiter, seier regiondirektøren.

Du bør også sjekk om du allereie har reiseforsikring gjennom eit medlemskap i til dømes ein organisasjon.

- Dessutan reklamerer ei rekkje kredittkortselskap med at du får reiseforsikring på kjøpet viss det meste av reisa blir betalt med kortet. Men hugs å sjekke kva denne eigentleg inneber, og når ho gjeld. Ei reiseforsikring kan vere så mangt, seier PiaKleppe Marken i Forbrukerrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

- Viss du betaler med kredittkortet vil du i tillegg få rettigheitergjennom finansavtalelova. Denne gjer nemleg banken ansvarleg viss duikkje får det du har betalt for. Det er også ei form for forsikring,sjølv om det ikkje hjelper deg mot tjuveri eller uhell.

Pia Kleppe Marken, Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Håkon K. Larsen