Statens vegvesen har i brev til grunneigarane/rettshavarane på strekninga Ugla-Skarstein meddelt at dei har sett på vent førebuande arbeid og detaljplanlegging med unnatak av arkeologisk utgraving. Dette på grunn av at det ikkje er løyvd midlar til den siste strekninga mellom Olden og Innvik.

Prosjektleiar Øystein Tytingvåg seier til Fjordingen at det som er sett på vent er den siste finpussen av konkurransegrunnlaget og grunnervervet.

- Vi kan ikkje kjøpe grunn utan at vi har pengar, seier Tytingvåg.

Ordføraren i Stryn, Sven Flo reagerer sterkt på meldinga:

- Dette er totalt uakseptabelt. Saka vil bli fylgt opp med nødvendig styrke for å få på plass det siste byggesteget Ugla-Skarstein, seier han til Fjordingen. Flo etterlyser pengane som var sett av for å kunne starte opp prosjektet:

- Det er sett av 10 millionar kroner for å kunne starte opp, av dette 1,8 millionar kroner til arkeologisk utgraving. Eg vil følgje opp både mot statens vegvesen og fylkeskommunen. Er det noko vi kan bidra med for ei avklaring, stiller vi opp. Her må det vere ei form for framdrift. Olden-Innvik har prioritet, og eg forventar at politikarane held oppe fokuset for fullføring av prosjektet, seier Flo.