Tok sin maratonsiger nummer 167

Helge Hafsås tok i helga sin 167. maratonsiger. Her i Hornindalsvatnet Maraton tidlegare i sommar.   Foto: Stig Høynes

New Articles

Helge Hafsås frå Olden tok i går sin 167. siger i maratonløp. Sigeren kom i Nordvest Maraton på Hareid, med variert løype på asfalt, sti og grusveg.

Hafsås tok sigeren på tida 2.58.53, skriv Kondis.no. Nummer to vart Tomas Kadlas, Eid IL på 3.07.36. Kvinneklassen vart vunnen av Louise Skak frå Danmark.

Totalt stilte 21 heimaratonløparar og 45 halvmaratonløparar i årets Nordvest Maraton.