Noregs Mållag krev at styresmaktene no må gripe inn i handsaminga av språksamlingane og sjå til at den unike dokumentasjonen over det norske språket vert sikra for framtida. - Dette etter at UiO har forsøkt å kvitte seg med samlingane på ein veldig uryddig måte, skriv mållaget i ei pressemelding.

- Språksamlingane er for viktige til å verte ein kasteball mellom ulike institusjonar. Dei store vitskaplege språksamlingane dokumenterer norsk ordtilfang og omgrepsverk innanfor gamalnorsk, bokmål, nynorsk, målføre og namn. Dette er avgjerande for forsking, for dei som skal forvalte språket og for alle andre som nyttar norsk i Noreg, seier leiar i mållaget, Marita Aakre Tennø.

Noregs Mållag meiner det er særs viktig at folket har fritt tilgjenge til språket sitt gjennom oppdaterte ordbøker som ligg opne på nett.

- Alle politiske parti har forplikta seg til ein offensiv norsk språkpolitikk. Det er på høg tid at politikarane tek tak i denne saka, og ryddar opp. Ein må syta for ei trygg forankring ved ein vitskapleg institusjon med eit fagmiljø med den rette kompetansen. Og der drifta av samlinga vert sikra økonomisk. Alt anna vil vera ei språkpolitisk falitterklæring, seier leiar i Noregs Mållag, Marita Aakre Tennø.