Mariann Thomassen er mellom dei som denne sesongen skal kjempe om tittelen Norges tøffeste kjendis.

Saman med langrennsløpar Vibeke Skofterud, skihoppar Bjørn Einar Romøren, langrennsløpar Hilde Gjermundshaug Pedersen, bloggar Emilie«Voe» Nereng,  jibbarAndreas Håtveit, skihoppar Roger Ruud, komikar Nils-Ingar «Nilsi»Aadne, glamourmodell og skodespelar Aylar Lie og radioprogramleiar Geir Schau skal artisten frå Stryn delta i neste utgåve av 71° nord – Norges tøffeste kjendis.

Saman skal dei kjempe seg frå Lindesnes til Nordkapp. Opptaka startar i morgon. Serien blir sendt på TV Norge våren 2015.

71° nord – Norges tøffeste kjendis hadde eit snittpå 412.000 sjåarar forrige sesong, då Olaf Tufte stakk av med sigeren.

– Nokre har det i kjeften, andre har det i beina. Det er ein utruleg fint og variert gjeng vi har fått med oss på tur i år. I kjent 71° nord-stil vil dei få bryne seg på ekstremøvingar  i vårt langstrakte land. Dei skal skubbst ut av komfortsonen når vi sender dei av garde på eit knallhardt eventyr, seier programdirektør i TVNorge og SBS Discovery, Eivind Landsverk.Tidlegare vinnarar er Harald Martin Brattbakk, Pål Anders Ullevålseter, Didrik Solli-Tangen, Christer Basma og Olaf Tufte.