Maja Dahl Igland frå Oppheim i Loen har studert både klesdesign og foto i Oslo. Men då planane om eigen butikk skulle setjast ut i livet, då sette ho kursen mot heimkommunen Stryn.

- Eg har alltid vore kreativ. Å starte eigen butikk har vore noko eg drøymde om. Dette å plukke ut kle sjølv, setje saman, skape sitt eige uttrykk - det synest eg er veldig spennande, seier Maja, som mellom anna studerte ved Esmod før ho flytta tilbake til Nordfjord.

I går opna ho dørene på butikken Nério i Stryn for første gong.

- Dette er ein butikk for damekle og tilbehør. Eg har hovudsakleg satsa på skandinaviske merke, fortel Maja, som gler seg stort over at draumen om eigen butikk no har blitt realitet.