Hunder som gnafsar i seg lemen risikerer å få bendelorm og bli smitta med harepest.

– Risikoen er høgare enn vanleg denne hausten, med stor bestand av lemen på fjellet, påpeikar Martine Fossem Nygaard, dyrefagleg rådgjevar i forsikringsselskapet If.

– Sjølv med hunden i band, vil det vere såpass mykje lemen i terrenget at hunden vil få tak i nokre i løpet av turen, om han berre vil. Nokre hundar grev ned byttet sitt, medan andre svel dei så raskt som muleg i frykt for å bli fråtekne herremåltidet, seier Nygaard.

Dersom din hund har smågnagarar i magen, er det eit par-tre ting du bør vite:

Ein del hundar vil kaste opp igjen lemen som dei sluker på tur, medan andre let smågnagaren passerer gjennom fordøyelsen. Følg med på avføringa til hunden din dei neste dagane. I verste fall blir ikkje gnagaren fullstendig fordøya, og vil difor fungere som ei propp i fordøyelsessystemet. Vidare behandling og prognose må avgjerast av dyrlegen, avhengig av kvar pels- og knokkelrester har sett seg fast. Det finst tilfelle der dyrlegen har vore nøydd til å operere ut restar av smågnagarar som har sett seg fast.

Må på ormekurLemen og andre gnagarar fungerer som mellomvert for nokre av hunden og katten sine bendelormarter (Taenia pisiformis, Taenia taeniaeformis, Echinococcus multilocularis, Mesocestoides lineatus). Syklusen til desse innvollsormane er basert på eit rovdyr-byttedyr-forhold der rovdyra er endevertar. Som katteeigar er det anbefalt å behandle utekattar to til fire gonger årleg med ormekur mot bendelorm. Vanlegvis er veterinærane meir tilbakehaldne med behandling av hundar, fordi det ikkje alltid er eit faktisk behov. Har du imidlertid observert at hunden har forsynt seg grovt med smågnagarar, kan det vere lurt å kontakte dyrlegen din for ei ormebehandling av hunden.

– Særleg frykta er revens dvergbendelorm (Echinococcus multilocularis) som har blitt påvist i Sverige, men foreløpig ikkje i Norge. Denne bendelormarten kan benytte oss menneske som mellomvert, som igjen kan få alvorlege konsekvensar. Husk påbode hundepass og ormebehandling hvis du kryssar svenskegrensa med din hund, minner Martine Fossem Nygaard i If om.

Fryktar pestI tillegg til å kunne vere mellomvert for bendelorm, kan lemen, andre smågnagarar og hare bere med seg bakterien Francisella tularensis, ein smittsam bakterie som forårsakar såkalla harepest eller lemenpest. Lemen og hare vil ofte døy etter kort tid med slik sjukdom. Andre dyr - som hundar - kan også bli infisert, og bakterien er ein zoonose, noko som betyr at han også kan smitte oss menneske. Både direkte kontakt med sjuke eller døde lemen eller harer eller indirekte kontakt via til dømes drikkevatn med smitte vil kunne spreie sjukldommen.

– Det har vore omdiskutert kor mottakelege hundar er for lemenpest, men sjukkdommen har blitt påvist hos nokre hunder dei siste åra. Symptoma er kortvarig sjukdom med redusert matlyst og slappheit. Opplever du at hunden er sjuk etter å ha vore i kontakt med døde gnagarar, ta kontakt med veterinæren. Vi tobeinte turgåarar kan følge Mattilsynet sine anbefalingar om drikkevatn, sier If-rådgjevaren.

Martine Fossem Nygaard er dyrefagleg rådgjevar i forsikringsselskapet If. Foto: If