Jostedalsbreen Nasjonalparksenter skal over to helger i september og oktober halde sommarturleiarkurs.

Kurset er mynta på dei som alt har grunnleggjande turleiarkurs, som det som vart arrangert i påska ved nasjonalparksenteret og ambassadørkursa til Den Norske Turistforening.

- Kurset gjer at du kan guide utanfor sti sommarstid, og dessutan gå vidare på vinterleiarkurs, seier dagleg leiar for Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Anne Kjos-Wenjum Armas.

Kurse er ein del av Bulyst ved Nasjonalpark-prosjektet.