Salet av Segway, på norsk kalla ståhjuling, går tregt i Norge, skriv VG.no.

Forhandlarane avisa har snakka med, fortel at dei ikkje har selt så mange ståhjulingar som dei hadde håpa på. Til dømes har ein stor forhandlar i Asker berre selt èitt slikt køyretøy sidan forbodet vart oppheva 1. juli.

Forhandlarane meiner difor at det er utleigemarknaden som er framtida, men også der har det gått noko tregt rundt om. Eitt av unnataka er Olden, som var tidleg ute det gjaldt å ta dette nye køyretøyet i bruk og saman med m.a. Tromsø og Bergen såleis stiller i ei særklasse.

Som Fjordingen tidlegare har fortalt om, var det truleg i Olden dei aller første segwayane vart tekne i bruk som arbeidskøyretøy her i distriktet.

Olden Cruise (Odd Jarle Kvamme og Joar Strand) gjekk til innkjøp av fleire ståhjulingar for utleige på kaia, og desse har vekt stor merksemd, stadfesta Anita Nyhammer, som nyttar ståhjulingen som arbeidskøyretøy.