Skåla 1848 m.o.h. vert eit stadig meir populært turmål, og denne spektakulære utsikta er det stadig fleire som vil få med seg. Sjå det fantastiske utsynet frå Skåla i videoen som Rune Henden filma sist helg.

Det runde Kloumanstårnet, Skålatårnet, er med sine 20 soveplassar kåra til landets mest spektakulære turisthytte. Tårnet vart reist på byrjinga av 1900-talet etter ein ide frå distriktslege Hans Henrik Gerhard Klouman i Innvik.