Artisten Jorun Erdal har aldri lagt skjul på at den store hobbyen hennar er strikking. Nyleg opna ho også avdeling for garn og tilbehør i butikken Xtra Lekker i Stryn.

No strekkjer ho strikkeentusiasmen endå lenger: I oktober inviterer Stena Line til Strikkecruise med Jorun Erdal som vertinne.  Eigentleg er det to cruise, to turar over Skagerrak og tilbake på strekninga Oslo-Fredrikshavn.

- Det var min idé, og eg har tenkt på det i fleire år før eg endeleg fekk napp, seier strikkeentusiasten.

Med seg på cruiset får ho løpardronning Ingrid Kristiansen, som har like mykje strikkedilla som ho sjølv.

- Tanken var å få med strikkeinteressert person som er kjend for noko anna enn strikking. Ingrid Kristiansen har aldri lagt skjul på at ho er svært strikkeinteressert, og under cruiset skal ho få fortelje om kva strikking betyr for henne og kvifor ho har med strikketøyet over alt, seier Jorun Erdal.

Det blir også strikkekurs undervegs, og om kvelden skiftar Jorun Erdal ham frå vertinne til songartist og står for underhaldninga ombord. Damene frå Tjorven AS blir også med på cruiset med sin strikkebutikk.

- Tanken er å samle så mange strikkeinteresserte som muleg til eit fellesskap der ein kan strikke i lag, lære noko nytt og ha det sosialt. Kanskje kan dette bli ei årleg hending, seier Jorun Erdal, som i går kveld var gjest på strikkekafé på Sæbø for å fortelje om strikkecruiset.

Blir med: Løpardronning Ingrid Kristiansen er stor strikkeentusiast, og på cruiset skal deltakarane få vite meir om kvifor ho alltid har eit strikketøy for hand. Foto: Privat