Bodil Dybevoll og Stig Brobakke fekk artig selskap då dei var på fisketur nyleg: Ein røyskatt.

- Vi var ved Tollvatna og oppdaga røyskatten då vi sto og fiska. Han var veldig nysgjerrig og redd på same tid. Han var vanskeleg å fange i linsa då den miste bevegelse skremde han, så det var mange bilde der ein berre ser att i rompa på han. Men ettersom han var så nysgjerrig, så var han raskt framme igjen, seier Bodil Dybevoll til Fjordingen.

- Vi fekk ein liten fisk som vi la på einstein til han. Håpar at han fann den og at  fekk eit godt måltidden laurdagen, seier Bodil, som fortel at etter at sambuaren gjekk vidare for å fiske i eit anna vatn, sat ho og observerte røyskatten om minst eit kvarter, der han for og smatt i ei steinur som låg heilt i vasskanten.