Det ser ut til at manager Ole Gunnar Solskjær må gå frå fotballklubben Cardiff på grunn av sviktane sportslege resultat.

- Personleg synest eg dette er trist, fordi Ole verkar som ein sympatisk person. I engelsk fotball må ein ta med i vurderinga at slikt kan skje. Vi var førebudde før vi inngjekk avtalen. Det er i heile klubben avtalen ligg, den er ikkje knytta til nokon individuell person. Våre planar og samarbeid med Cardiff endrar seg ikkje. Cardiff er viden kjend som ei av dei mest familievenlege klubbane på øyriket. Som familieorientert bedrift, føler vi at avtalen er like rett i dag som då vi inngjekk denne, seier dagleg leiar Henning Skogstad, som for tida er på reise i Kina.